Regionale kursdagar 2024

Tillit gjennom årvåken undring

Frå kontrollutvalsdagane i Loen 23. - 24. januar

Vest kontroll samarbeider med kontrollutvalssekretariata både sørover og nordover. Det har vore gjennomført kursdagar både på Vestnes og i Loen, der nye og etablerte kontrollutvalsmedlemar har fått fagleg input - knytt til det å forstå rolla og korleis skape engasjement.

Under kursdagane har det dukka opp refleksjonar rundt arbeidet i kontrollutvalet - Jørgen Amdam frå Volda har røynsle frå både den akademiske sida av forvaltninga og som ordførar og han ser på denne funksjonen som undring; har kommunen rett kompetanse, korleis fungerer det i praksis, leverer kommunen dei tenestene dei skal. Kontrollutvalet skal ikkje fatte vedtak, men tore å stille dei spørsmåla som vil spele forvaltninga betre.

Kontrollutsmedlemmane vil gjerne møte på ulike typar førespurnadar frå innbyggjarar, tilsette eller andre som har ei sak dei vil kontrollutvalet skal følge opp. Det er då viktig å ha med seg forståelse for rolla til utvalet - der vil alltid vere ei tilnærming til saker på systemnivå, ikkje på enkeltsaker. Likevel kan ei enkeltsak vere eit symptom på utfordringar på systemnivå.

Under innblikk i revisjonen sitt arbeid vart det stilt spørsmål om kva område i kommunane kontrollutvalsmedlemmane såg på med størst risiko. Det var openbart den økonomiske situasjonen i kommunane som skilte seg ut på tavla. Eldreomsorg, skule og det å ha tilstrekkeleg ressursar var også tema som tydeleg er dagsaktuelle. Men framover skal kontrollutvala handsame ei risiko- og vesentlegheitsvurdering, plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll som skal krysallisere ut kva område som vil bli gjenstand for kontroll dei komande åra. Kontrollutvalet si verktøykasse gir rom for ulike tilnærmingar til eit område, frå orientering til høyring.

Første kursdag på Vestnes blei avslutta med eit innlegg frå politisk redaktør i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik. Han opna med eit sitat frå Konfusius (550 f.Kr.):

Det er tre ting som er naudsynt for å styre ein stat: våpen, mat og tillit. Dersom ein herskar risikerer å miste nokon av desse, bør han først gi opp våpen og så mat. Tillit bør vaktast til siste slutt.

Kommunane forvaltar 700 mrd årleg, av dette går store beløp til kjøp av varer og tenester og det vert levert viktige tenester i folk sine til. I det ligg det ei enorm tillit og stor makt.

Politikarane som har stilt seg til disposisjon i ulike verv og utval gjer det med eit ønske om å påverke samfunnet. Gjennom kontrollutvalet skjer det gjennom ein særeigen innsats - med å passe på og å sørge for at læring skjer. Og det er avgjerande for å opprettholde tillit. Tillit utan kontroll set tillit på prøve. Kontrollutvala må synleggjer at dei er på vakt.


Her finn du oversikt, program og presentasjonane frå opplæringsdagane i Loen.

Her finn du oversikt, program og presentasjnane frå opplæringsdagane på Vestnes.